– Eg skal vere heilt klar: Eg held fast ved det eg har vedtatt, seier Peter Frølich til NRK.
– Har du blitt oppfordra til å trekke kandidaturet ditt?
– Nei! På ingen måte.
Laurdag gav han valkomiteen beskjed om at verva som nestleiar ikkje samsvarer med å bli leiar av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og at det dessutan var «personleg viktig» for han å gi plass til Ola Svenneby i leiarkabalen.
Sidan har fleire partikollegaer langs kysten gitt uttrykk for at det er lov å ombestemme seg og at det «ikkje er for seint å snu».
– Håpar han ombestemmer seg
– Peter er den openberre kandidaten som etter mitt syn burde inn som nestleiar, og eg håpar han ombestemmer seg før landsmøtet, sa bergenspolitikar Eivind Nævdal-Bolstad (H) søndag formiddag.
Måndag var NRK i kontakt med fleire ordførarar langs kysten som gav uttrykk for det same. Sjå under.
- NRK
Yngve Fosse (H), ordførar i Askøy
Eg er einig med Nævdal-Bolstad. PC er ein naturleg kandidat og håpar sjølvsagt han ombestemmer seg.
- Oddgeir Sæle
Bengt Solheim-Olsen (H), ordførar i Kinn
– Nærer du eit håp om at Frølich skal ombestemme seg?
– Ja. Så skjønner eg jo at det er kapasitetsproblem om han òg skal leie utanrikskomiteen på Stortinget, men vi får sjå.
- Høyre
Vegard Bjørnevik (H), ordførar i Kvinnherad
Eg delar oppfatninga om at Frølich har ofra seg for den kortsiktige husfreden si skuld, og meiner framleis at han bør veljast til ein av to nestleiarar.
- Benjamin Dyrdal
Tom Georg Indrevik (H), ordførar i Øygarden
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.
Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) trekker fram Erlend Svardal Bøe (som representerer Tromsø på Stortinget) som ein mogleg «joker» og vestlandsalibi i den nye Høgre-leiinga:
– Han er fødd og oppvaksen i Florø, og vestlending god som nokon.
Nordland Høgre vedtok søndag kveld at det ikkje er politisk berekraftig med tre «Oslo-representantar» i Høgre-leiinga.
Ein tilsvarande uttale blei send til valkomiteen frå Rogaland Høgre 26. november:
«Vi meiner derfor at Høgre treng ein leiartrio – og eit breiare leiarlag – som speglar heile landet. Dei siste åra har for mykje makt og gjennomslag vore konsentrerte rundt ein liten krets i Oslo.»
– Ser ikkje noko problem med å ha begge oppgåvene
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik meiner at det nye «distriktsopprøret» i partiet sender «eit tydeleg signal» om at valkomiteen har ein jobb å gjere:
– Frølich ville gjort ein god jobb som nestleiar og eg ser ikkje noko problem om han ville ha hatt begge oppgåvene (nestleiar pluss leiar av utanriks- og forsvarskomiteen, journ.anm..).
– Men da må han vere tydeleg på om han vil.
I tillegg til ny leiartrio skal Høgre sette saman eit nytt arbeidsutval (AU).
Bergen-ordførar Marit Warncke (H) seier til NRK at toppleiinga «må ha ei betre geografisk spreiing» og at Vestlandet bør vere representert.
– PC er ein svært god kandidat, men om han har «ofra seg for husfreden» veit eg ingenting om.