Fleire enn 100 blei drepne i eit angrep på ein barnehage i Sudan den 4. desember, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).

Barnehagen blei først angripen med missil frå dronar. Då foreldre og helsearbeidarar strøymde til for å frakte dei skadde til det nærmaste sjukehuset, blei også dei angripne.

Det skriv WHO-sjef Adhanom Ghereyesus på X.

Totalt blei 114 drepne, 63 av dei barn.

Ifølge WHO blei barna drepne i det første angrepet, medan foreldre og helsearbeidarar blei drepne då dei frakta skadde barn til sjukehus og då sjukehuset sjølv blei angripe.

Det finst lite bilde- eller videomateriale frå angrepet eller området.

Den anerkjende legeorganisasjonen Sudan Doctors Network skuldar den berykta paramilitære hæren RSF og SPLM-N for å stå bak.

Dei har ikkje kommentert angrepet.

Krigens nye front

Barnehagen som blei angripen ligg i byen Kalogi i Kordofan, ein region som ligg midt i den mest intense krysselda i krigen akkurat no.

Regionen består av statane Nord-, Sør- og Vest-Kordofan, og ligg skvist mellom Darfur i vest og hovudstaden Khartoum i nordaust.

I Sør-Kordofan er det den sudanske fraksjonen av Det sudanske folks frigjeringsrørsle, SPLM-N, som styrer. Dei inngjekk nyleg ein samarbeidsavtale med RSF om å kjempe imot regjeringsstyrkane.

Regjeringshæren tok tilbake kontrollen over Khartoum i mars, og no vil RSF ha omkamp.

Etter at RSF tok full kontroll over Darfur i slutten av oktober, har dei konsentrert seg om å erobre heile Kordofan, og dimed få fri tilgang til hovudstaden.

Det seier ein talsperson for SPLM-N til NRK.

Har nådd viktig oljefelt

Greier RSF å ta kontroll over alle dei tre Kordofan-regionane aust i landet, tilsvarer det eit område på storleik med Tyskland.

Måndag skriv RSF på Telegram at dei har tatt kontroll over eit strategisk plassert oljefelt sør i Kordofan, med namn Heglig.

Det betyr tap av ei viktig kjelde til inntekter og ressursar for SAF, medan RSF blir ytterlegare styrka.

Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens podkast: